tirsdag 31. mars 2009

Ny bukse...


I dag har eg sydd ny bukse til Andreas, eit spennande prosjekt. Resultatet blei ikkje heilt perfekt, og bør ikkje bli studert av ei proff, men buksa gjekk fint an å bruka, så då kan eg vell sei meg fornøgd.
Andreas blei ikledd buksa i dag, og måtte vera fotomodell for mora, noko som blei lite vellykka.
For alt anna er MYKJE meir spennande enn å sjå på mora som prøver frebrilsk og få oppmerksomheita, for å få fram eit lite smil. Så dei fleste bildene blei uklare, og guten fekk ikkje akkuratt vist seg frå si beste side, men her er resultatet:



No gler me oss til påskeferie på sunnmøre, og håper på nokre dagar på ski, og mange koselige stunder saman med søskenbarn, tantar og onklar, og sjølvsagt farmor og farfar!
Ynskjer alle ei GOD PÅSKE!





tirsdag 3. mars 2009

Glimt frå helga...

I helga har me hatt besøk av Torgeir si syster, Camilla, og gutane hennas Johannes og Kristoffer. Dei bur på Vestnes, så det går lang tid mellom kvar gong me ser dei. Andreas synes og det var kjekt med besøk av søskenbarn, og han syns det var veldi stor stas med store Johannes (3 år), og kraup etter han, og følgte han med blikket.

Sjølv om det var veldi kjekt med besøk, hadde me ei ubehagelig oppleving på Lørdag,
Eg hadde våre ute ein tur med Johannes og Andreas på leikeplassen, då me kom inn igjen var Andreas litt merkeleg, og plutseleg hovna han volsomt opp i ansiktet, dobbelhaka hans blei mykje størret, og øyra hans blei tre gonger så tjukt, auga blei små, og han klødde fælt, dette skjedde volsomt fort, så eg måtte ringa 113, var redd for at det ikkje berre var utsida som hovna opp, men at han hovna opp på innsida og. Men det gjorde han ikkje, Ambulansen kom, og med hadde ein tur i den til barneklinikken for å observera han litt. Det viste seg at det sansynleg vis var jordbæsyltet han hadde fått på grauten om morgonen, han ikkje hadde tålt. Så no er me forsiktige med alt me stappar i han. Er så utruleg glade for at det gjekk så bra... Her er nokre bilde av ein nybada go gutt, frå Søndag:
Ha ein fin dag!