søndag 26. april 2009

VÅR...














Ja no er våren her, og det er bara så herlig. Andreas likar å vera ute, leika i graset å smaka på det han finn på bakken. Noko smakar ok, mens andre ting, som f.eks. stein kjem fort ut igjen fordi det er så vanskeleg i tygga. Andre ting blir reve ut av munnen av mora sine fingrar til Andreas sin store fortvilelse.

Dissa er og ofte i bruk, og jo større farten er jo større er smilet. Trur han kunne ha såte i der i mangen timar om han hadde fått lov, berre såte å sett på ting rundt seg, og filosofert litt over livet.





Ein dag pappen skulle skifte dekk på bilen fekk Andreas vera med å sitte og sjå på i vogna, noko mora trudde han skulle syntes at var kjempe kjekt, skifte dekk er jo ein gutte ting, og Andreas er lik mora, han likar og sjå at pappen arbeider... men ikkje denne gongen, det blei for skriking, og mora måtte hente han, og me måtte ned på leikeplassen å finne dissa...:)




I dag har me vore på tur med desse to kjekke menneska, moster Kristine og ("onkel"?) Trond Erik, veldig kjekt me grilla og kosa oss ute i fin veret!
Familien Stokke er grillmeistarar...:)
Andreas har vore litt skeptisk til Trond Erik, men i dag har det løsa, han va ikkje så skummel allikevell. Så mot slutten av dagen kunne han sitte på sida av Trond Erik aleine, litt prega av stundas alvor, men utan snott og tårer...:)
Ha ei fin veke, og nyt våren!

fredag 10. april 2009

Ut på tur aldri sur...

Den lille familien Stokke kose seg på påskeferi, har fått oss to små skiturer til nå...
En fotogen familie...
Andreas kose seg i pulken...
Andreas og farmor på kjelke, tante Marie hjelpe Johannes på ski...

Johannes og tante i farta...

Fortsatt GOD PÅSKE!

tirsdag 31. mars 2009

Ny bukse...


I dag har eg sydd ny bukse til Andreas, eit spennande prosjekt. Resultatet blei ikkje heilt perfekt, og bør ikkje bli studert av ei proff, men buksa gjekk fint an å bruka, så då kan eg vell sei meg fornøgd.
Andreas blei ikledd buksa i dag, og måtte vera fotomodell for mora, noko som blei lite vellykka.
For alt anna er MYKJE meir spennande enn å sjå på mora som prøver frebrilsk og få oppmerksomheita, for å få fram eit lite smil. Så dei fleste bildene blei uklare, og guten fekk ikkje akkuratt vist seg frå si beste side, men her er resultatet:



No gler me oss til påskeferie på sunnmøre, og håper på nokre dagar på ski, og mange koselige stunder saman med søskenbarn, tantar og onklar, og sjølvsagt farmor og farfar!
Ynskjer alle ei GOD PÅSKE!





tirsdag 3. mars 2009

Glimt frå helga...

I helga har me hatt besøk av Torgeir si syster, Camilla, og gutane hennas Johannes og Kristoffer. Dei bur på Vestnes, så det går lang tid mellom kvar gong me ser dei. Andreas synes og det var kjekt med besøk av søskenbarn, og han syns det var veldi stor stas med store Johannes (3 år), og kraup etter han, og følgte han med blikket.

Sjølv om det var veldi kjekt med besøk, hadde me ei ubehagelig oppleving på Lørdag,
Eg hadde våre ute ein tur med Johannes og Andreas på leikeplassen, då me kom inn igjen var Andreas litt merkeleg, og plutseleg hovna han volsomt opp i ansiktet, dobbelhaka hans blei mykje størret, og øyra hans blei tre gonger så tjukt, auga blei små, og han klødde fælt, dette skjedde volsomt fort, så eg måtte ringa 113, var redd for at det ikkje berre var utsida som hovna opp, men at han hovna opp på innsida og. Men det gjorde han ikkje, Ambulansen kom, og med hadde ein tur i den til barneklinikken for å observera han litt. Det viste seg at det sansynleg vis var jordbæsyltet han hadde fått på grauten om morgonen, han ikkje hadde tålt. Så no er me forsiktige med alt me stappar i han. Er så utruleg glade for at det gjekk så bra... Her er nokre bilde av ein nybada go gutt, frå Søndag:
Ha ein fin dag!

tirsdag 17. februar 2009

Det snør, det snør...

I går hadde eg eigentleg tenkt å skriva eit innlegg om at snøen forsvandt og at eg difor ikkje fekk tatt bilete av Andreas i snøen. Andreas har fortsatt ikkje blitt fotografert i snøen, han har vore forkjølt og tett, så me har halt oss inne, men i dag forsvinn ikkje snøen lenger, nei tvert om, kvite krystallar lavar ned frå himmelen. Så no vonar me at det blir liggjande så lenge at kan ta oss ein tur ut og kosa oss i dei eventyrlige omgivelsane. Har fotografert litt av utsikta frå vinterhagen vår i dag...


Når en må vera inne med ein sjuk gutt, får ein tid til andre ting, så eg har brukt litt tid bak symaskinen, i går sydde eg meg ei veske, som kan brukast på begge sider, slik blei resultatet:




Har og sydd eit sengeteppe til Andreas, Torgeir forsto ikkje heilt vitsen med det, sidan eg ikkje er flink til å reie opp vår seng, kvifor skal då Andreas si seng ha sengeteppe om eg ikkje kjem til å bruke det? Men ein kan alltid forandre seg...



Ein forkjølt gut, med eksem i kjekane og panna. Han fekk seg DUPLO på lørdag, noko han syntes var kjekt å leika med.



Ha ein fin dag!

onsdag 11. februar 2009

Blomar...


Eg likar blomar, dei lyser opp kvardagen, no har eg mykje blomar i heimen, Torgeir og Andreas gav dei til meg på min fyrste morsdag:







På kjøkkenet er det litt vår, kjøpte meg perleblomar og krokus på Ikea for ei stund si:







Men ute er det vinter, å det er deilig med snø og fint ver. Andreas har fått kjent på sin fyrste snø, noko han syntes var merkeleg. Har ikkje fått tatt bilete av Andreas i snøen, men det kjem.

Ellers så var Andreas og eg heime på Nærbø i sist veke, der klarte med å smitte samtlege med spysjuka, så veka gjekk stortsett i å liggje på sofaen og drikke Cola, den veka blir nok aldri gløymd :) Andreas er berre ein utruleg go og blid og aktiv gutt, så eg må legge ut litt skryte bilete til slutt...







onsdag 28. januar 2009

Eit lite tips...

Du treng:
- Lerret
- pc med word, eller anna skrive program
-maling
-bakepapir
-blyant
-penslar
-litt sparkel (om du ønsker det)
-ein printar
- ein tekst
- og ein smule tålmod
... og vips så har du:





Veldig enkelt, og eg synes det er ganske fint og... Godt å bli minna kvar dag på at

"eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er ferdstankar, og ikkje tankar til ulukke, eg vil gje dykk framtid og von."

Ellers så reiser Andreas seg opp no, noko som gjer det enda meir travelt å passa på han, i går hadde han kome seg ut på badet, og sto å haldt seg i do ringen... sto og glisa stolt når eg kom springane... I dag har han vore med meg å rydda i leiligheta, noko som var svært nødvendig, i morgon kjem farmor og farfar på besøk (foreldrene til Torgeir) det gler me oss masse til! Gler oss til å "visa fram" go gutten vår!

Ynsker dykk ein god kveld, og ei fin helg!