søndag 25. januar 2009

Litt av kvart...

Då var det på tide med eit innlegg igjen, i dag har me hatt ein fin dag. Var i møte i Betlehem kl. 11, der Andreas i 1,5 time, prøva å få kontakt med dei som såt bak han, han rista på hovudet, smila og laga ulike lydar. Han skulle eigentleg sova, men kven kan vell sova når ein kan få oppmerksomheit frå ein haug men folk? Så då me kom heim, fekk Andreas ein lang og etterlengta lur, mykje kjedeligare heime enn på møte. Me har og fått testa ut bæremeisa me fekk til jul av mor og far (mormor og morfar), noko Andreas syntes var kjempe kjekt!

Go guttane mine på tur, hadde ikkje så godt kamera med meg, så bilda blei ikkje så goe, men goe gutta så då gjer ikkje det noko...

I morgon er det Mandag og jobbing for dei som gjer det...;)

Eg for min del, skal sy litt, fekk symaskin av Torgeir til jul, så kanskje det snart blir eit innlegg av resultata, om de er interesserte (ane ikkje koss eg skrive det ordet, å eg skal bli lærar) i det?

Ynsker dykk ei fin veke,å legg gjerne igen ein kommentar, kjekt å sjå om nokon les det eg skriv...:)

3 kommentarer:

Sveinung og Helga sa...

HEI:)
eg les! og eg syns det hadde vore veldig kjekt om du la ut bilder av noko du har sydd, for eg har nemlig ein plan om å begynne sjøl:) (om eg får mormor si gamle maskin til å virke..)
godt å sjå at de har det bra! Go natt!
-helga

Anonym sa...

Hei!
Eg les, men eg syr ikkje...
Alltid kjekt med bilete, og bæremeis er ei god oppfinning - Anders óg trivs i den :)

Ha ei fin veke!

-Anders & Bodhild-

Lina, Anna, Synnøve og Lars sa...

Så koseligt!;) såg kjekt ud me tur å bæremeis!;) Nå ska eg baka rundstykker! Hadde vore kjempe kjekt å sitt ka du syr!;) Kanskje eg åg får ti te det ein dag!:P hehe! Klem Synnøve!