onsdag 24. juni 2009

Sommer og sol...

Då var det verkeleg på tide med ei lita oppdatering fra oss, mora i huset og Andreas har vore på Nærbø hjå mormor og morfar,mostrar og onkel ei veke, der kosa me oss masse.

No er me tilbake i Bergen, i dag har me vore ute i fin veret, Andreas syns sola er veldig skarp, men med ei god Caps og mora sine solbriller så blir det mykje betre. Andreas går, han er kjempe stolt over seg sjølve (og det er me og), så med armane fram og eit stort glis rundt munnen stabbar han fram over. Når me er ute er han veldig opptatt av blomar og fuglar, han ser kvar ein fugl ofte før mora gjer det, og då må me vera heilt rolege å stå og sjå lenge på fuglen... Smørblomar er og ein sikker vinner, ser Andreas ein langs vegen, må me stoppa og plukka han, lukta litt, for så å plukka av han kronblada...



I dag har fam. Stokke vore oppe ved vatnet bak oss, Andreas stor kose seg i bæremeisa, og nynnar, og seier bø til foreldra i ny og ne. Pappen bada, mens mora og Andras berre dyppa "tædene", me (Andreas og eg) syns temperaturen var god, mens pappen syns det var litt kaldt.


Syns de at mora i familien ser litt små feit ut, så stemmer det, for i magen hennar veks det ein liten baby, som melder sin ankomst ca midt i November (Dvs. i slutten av November). Me gler oss kjempe mykje, fantstisk med eit nytt lite liv som spirer og sparkar!!!
No er me klar for sommarferi, kanskje kjem det eit lite innleg før den tid, kanskje ikkje...
Uansett må då ha ein fin feri, kanskje me snakkast!!!



4 kommentarer:

Anonym sa...

nommen! Gratulerer med ny baby i magen! Kjekt med liten lillebror eller lillesøster for Andreas:)

Jeg gledegruer meg til skolen begynner igjen og August skal i barnehage, men alt går:)

Trine

Marte sa...

Næmmen, å så koselig! Gratulerer så masse Marie! :)

Karina sa...

Så store Andreas he blitt! Gratulera så masse med baby på vei :) Kjekt å følge med på bloggen din, Marie! Nyt sommaren :)

Anonym sa...

Så kjekt med enda ein baby!!! :) Det blir spennandes!!

Klem fra Janne S. (NLA:)