fredag 5. februar 2010

Heilt ny Avent pumpe gis bort, kun brukt to ganger!!!



For ei lita stund si kjøpte eg meg ei slik pumpe, var godt fornøyd. I dag skulle eg koke ho for å sterilisere ho, medan eg rydda på kjøkkenet. Eg rydda litt, men sidan begge gutane mine sov, og ingen i huset her er friske om dagen, noko som gjer at det blir lite søvn, fann eg ut at eg ville ta meg ein kvil. Eg gjekk og la meg, å vakna ein time etter på av ein pipe lyd, var litt forvirra og trudde det va "baby callen", men fann ut at den var det ikkje. Så forstod eg at det var brannvarslaren, kom meg fort og forvirra ut av senga og inn på kjøkkenet. Der røyka det, og laga "smell-lydar" fra gryta, som hadde stått og koka i ein god time i alle fall. Eg fekk dradd gryta vekk, og satt vinduet på vidt gap, og isolerte meg og guttane i stova ei stund slik at røyken fekk lagt seg. Var skjelven og redd etter på, ei ubehageleg oppleving, og ein god lærepenge. Har erfart at brannvarslarar er gull verdt!!! Pga. ein meget tett nase, er det som heiter lukte og smakssans heilt vekke, noko som gjorde at eg ikkje klarte kjenna lukta heller, så sjølv om det er nokre fordelar ved å ikkje lukte alt rundt seg, f.eks. dritt bleier, så har eg og lært at nasen kan brukast til fornuftige ting.

Eg trur me hadde englevakt i dag, slik såg gryta og pumpa ut etter på, va ca 1,5 cm med smelta "boblitte" plastikk i bunnen av gryta!

Jeg har en engel som følger meg,
jeg har en engel som følger meg hver dag,
om jeg sitter eller står,
om jeg løper eller går,
jeg har en engel som følger meg.

Jeg er trygg både dag og natt,
jeg er trygg både dag og natt,
en engel går ved min side,
og jeg er trygg både dag og natt!


God natt!!
Eg har skjekka, og "ogen" er av!

2 kommentarer:

Møyfrid sa...

Drama i skytterveien altså! Godt d gjekk godt..

Klem

siv anita sa...

Hehe.. Morsomt innlegg- særlig siden d gjekk så godt!! =)
Jeg må innrømme at overskrifta lurte meg til å tro at pumpa ikke var så god siden du ville gi den bort! Har kjøpt akkurat samme ser du, men ikke fått testa den akkurat.. :)