mandag 19. april 2010

Bøn utan ord...

For ei stund si byrja eg å be kveldsbøn med Storebroren vår når eg legg han, har alltid sunge for han når han skal sova, men ikkje alltid bedt. Har tenkt at han ikkje forstod så mykje av det uansett, men no har me bedt på kveldane ei stund, å i natt erfarte eg det at eg ikkje skal undervurdere han igjen.

I natt vakna eg av at storebroren vår grein og var lei seg, eg gjekk inn til han, han virka redd og skikkeleg lei seg, så eg måtte ta han opp og trøysta han litt. Etter litt kos sjå mora la eg han ned i senga igjen, han snufsa å grein litt til, eg satte meg ned på ein stol på sida av senga hans, han slutta å grina, så tok han dei små hendene sine, som ofte kan væra litt klissete og skitne under neglene, å falda dei, såg på meg med dei store augene sine, og sa "amnem, mamma", så då måtte mora og falda handene sine, å be om at han ikkje skulle væra lei seg meir, å om at Jesus skulle passa på han så han fekk sova, å så sa me begge: Amen!

Den store lille gutten min hadde forstått noko, me kan be til Jesus når som helst, og om kva som helst, han høyrer oss, og forstår oss, sjølv om me ber utan ord!

Bøn utan ord!

Å Jesus eg ber deg ta handa mi no, 
når skuggane fell på min veg, 
om alt går i mot meg eg får ikkje ro,
då er eg så trygg her hos deg.

Om nederlag venter å smerten blir stor, 
du kjenner kvart barn på di jord,
eg veit ikkje ein gong kva bøn eg skal be, 
du høyrer mi bøn utan ord. 

Å Jesus eg ber deg ta synda min no,
for ellers så stilner min song,
eg veit at du dødde å ofra di blod,
så eg får sjå himlen ein gong.

Freistingar ventar på vegen eg går,
dei løfter du gav dei består, 
du står framfor Gud med min sak nettopp no, 
hans nåde og omsorg eg får.

Om nederlag venter…

Er Marte og Ole Kristian Sameien som syng denne sangen, syns det e ein fantastisk fin sang!

Ynskjer dykk ei fin veke, å hugs at DU kan koma til Jesus med ALT!



2 kommentarer:

Møyfrid sa...

Fantastisk!

moster Kristine sa...

Å eg blir heilt rørt:)