mandag 24. mai 2010

Litt om meg...

 
Då va det på tide de fekk ei lita oppdatering frå meg, eg har no blitt eit halvt år, og kan mangen ting etterkvart. No er eg kjempe flink til å leike på golvet saman med Storebroren min, me smiler og ler i lag. Av og til blir Andreas litt sint på meg, eg øydelegg nemleg husa hans litt, eg veit ikkje heilt korleis eg skal leika enda, men det kjem vell med alderen.
Eg er flink til å leike aleine på golvet og. Ein dag eg var aleine i stova litt fann eg ut at eg ville prøve å sette meg opp, og når mora mi kom inn i stova, sat eg fint på golvet, å gjett om eg var stolt. Viss andre vil prøve på det same, så har eg eit lite tips: HALD TUNGA BEINT I MUNNEN! Eg må halda meg litt med hendene enda når eg sit, men snart skal eg klare det uten!
Ellers så har eg begynnt å eta grøt, noko eg likar godt, men det er litt vanskeleg å få til å svelge det, for eg veit ikkje heilt korleis ein gjer sånnt, men eg øver og øver. Mor seie at det nytte ikkje å le og sprute med grøten, blir ikkje mett av det, men eg gjer det for det om, for det e jo så LØYE! Eg har akkuratt vore på 6 mnd. kontroll, å der sa dei at eg var ein fin og sprek gut, å det er eg eigentelg ganske enig med dei i, med mine 7,1 kg, å 67 cm er eg ikkje den største karen i verda, men eg har det fint, å det håper eg at de og har det!
Klem fra THoMaS!

2 kommentarer:

thomas sa...

Ahh.. hærlige kara :)
ser fram til å treffe dåkke igjen! blir bare litt lang tid mellom kvar gang..

mvh han andre thomas som har vokst sej en smule lengre enn 67cm

moster Kristine sa...

Her sitte eg å lese blodd før eg skal på skulen!!
EN Flott snart på dagen!!
Glede meg t å treffa yndlings gutane mine igjen:)