”Då sa Gud: «Jorda skal la grøne vokstrar gro fram, planter som set frø, og tre som ber alle slag frukt med frø i, på jorda!» Og det vart så. Jorda bar fram grøne vokstrar, planter som set frø, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt.”
1. Mos 1, 11-12
” Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta,
og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med.
Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda?
Sjå på fuglane under himmelen!
Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus,
men Far dykkar i himmelen før dei likevel.
Er ikkje de mykje meir enn dei?
Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?
Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks!
Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk:
Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.
Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon,
kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande!
Difor må de ikkje vera urolege og seia:
'Kva skal vi eta?'eller 'Kva skal vi drikka?' eller 'Kva skal vi kle oss med?'
For alt dette er heidningane opptekne av.
Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.
Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.
Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt.
Kvar dag har nok med si møde”
Matt 6, 26-34


DU er ein blome i GUDS HAGE.
så FARGERIK OG FIN,
og blant mimoser og syriner,
er denne PLASSEN som er DIN!
DU skal IKKJE FLYTTAST,
Eller FJERNAST, du E`KJE kun te BRY,
du skal ikkje kvelast eller skjulast,
men STÅ i BLOMST å væra DU
Ha ein fin FERI vidare, me NYT ferien på Sundmøre!
1 kommentar:
Den sangen e så fin! Og DU e fin!
Ka kamera endte dokke opp med?
Glede meg te å sjå deg snart (i slutten av mnd jaffall), og ikkje minst te ny høst i Bergen. Kos dokke på ferie så lenge.
Gla i deg.
Legg inn en kommentar