tirsdag 14. september 2010

Andrea(s)...

Tida går fort, og her er det travledagar med skule, overtid, og to taktive gode gutter som krev sitt.
Det blir ikkje tid til så mykje anna som ein skulle ønske. For ei stund si laga eg nokre kjolar med hekla overdel, og stoff i skjørtet. Har blitt fem kjolar tilsaman, men sidan det ikkje er så mange jenter her i huset er dei blitt gitt vekk i gavar. To har eg rukke å fotografere før eg har ga dei vekk.  Syns det har vore ein rask og enkel måte å sy koler på...
 
Når ein ikkje har små jenter i huset, må ei bruke dei gode små guttane ein har. Andrea(s) måtte prøve ein kjole, tidleg ein morgon før "tuttane" hadde blitt plasert i senga...


Mora sa til han: "ååå, så fine du e Andreas!" "Nei, mamma, tlaktor..."var svaret eg fekk, så kjolen blei fort bytta ut med traktor t-skjorta, betryggande!

Håper det kan væra til inspirasjon for nokon, og at dei som har fått kjolane er fornøyde, er litt spent på korleis dei held seg (om dei blir brukte), så kjekt å få tilbake meldingar!

Ha ein fin dag!


"Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet." Joh. 5, 24.

5 kommentarer:

Lina, Anna, Synnøve og Lars sa...

Nydelig kjole - du e flinke Marie ;) Eg blei jaffal inspirert! Har prøvd å laga ein lignande kjole - me hekle-overdel - men eg får prøva igjen!! :D

Anonym sa...

Vi er iallfall kjempefornøyd!! Emilie er så fin i kjolen (den øverste) - og den holder! Flinke du Marie :) og heilt topp med to sett knapper så ho kan ha den når ho strekker seg litt også.. ;)

Ha en fin dag! Klem fra Madde

Anonym sa...

NYDELIGE kjoler, Marie! Du er utrolig flink. Ble absolutt inspirert :)

Miriam A

Siv Anita sa...

Ja, kjolene er så flotte! Kan ta bilde av jenta vår når ho tar den i bruk - er enda litt stor! ;) Blei veldig glad for å få heimesydd/hekla kjole!! =)

Trine sa...

Olivia er knallskjønn i kjolen sin, men den er litt stor fortsatt :D Skal ta den med når vi reiser til sydligere strøk om litt, det blir bra!