Her i heimen går nå dagene, det skjer ikkje så mykje nytt, men me har mykje å henga fingrane i. Andreasen vår har fått cøliaki, så nå jobber me å finna julekaker og div. andre oppskrivter utan gluten, egg, melk, og soya, ein liten utfordring, men det går greit og guten har det fint, det er det viktigaste! Her pynter han pepperkaker saman med pappa, Thomas må berre væra tilskuar.
Det er deiligt med adventstid, me gler oss til jul, og feri alle saman. Andreas og Thomas får ein liten pakke kvar, anna kvar dag i ventetida, når me opnar dei syng me ein liten sang i lag og koser oss litt...(fekk den ideen frå denne koselige Ingvild) Ein dag fekk Andreas maleskrin, så no prøver han seg som kunstnar...
Har og fått pynta litt til jul, syns det er kjekkar å lesa til eksamen med levande blomar rundt seg.
Andreas forstår ikkje så mykje av alt pakke styr og stell, men det viktigaste har han forstått litt av. Eg spurte han ein dag: "kor e d Jesus bur andreas?"
" der borte mamma(peika på krybba), og i erta (hjerta) mitt"
Ha ei fin advendstid, og nyt denne tida! Tenk at me skal få lov å feira at Jesus kom til jorda for oss!
"Takk at du kom, takk at du kom,
ein STOR Gud som blei liten,
takk at DU kom!"
2 kommentarer:
Jeej, så kjekt å sjå koss dokke har det og få LITT julestemning her nede i Israel. Glede meg til å sjå dokk alle om ei lita stund :)hels :)
Å så jilt!!!Glede meg å Jul sammen me dokke:)
Legg inn en kommentar