fredag 5. februar 2010

Heilt ny Avent pumpe gis bort, kun brukt to ganger!!!



For ei lita stund si kjøpte eg meg ei slik pumpe, var godt fornøyd. I dag skulle eg koke ho for å sterilisere ho, medan eg rydda på kjøkkenet. Eg rydda litt, men sidan begge gutane mine sov, og ingen i huset her er friske om dagen, noko som gjer at det blir lite søvn, fann eg ut at eg ville ta meg ein kvil. Eg gjekk og la meg, å vakna ein time etter på av ein pipe lyd, var litt forvirra og trudde det va "baby callen", men fann ut at den var det ikkje. Så forstod eg at det var brannvarslaren, kom meg fort og forvirra ut av senga og inn på kjøkkenet. Der røyka det, og laga "smell-lydar" fra gryta, som hadde stått og koka i ein god time i alle fall. Eg fekk dradd gryta vekk, og satt vinduet på vidt gap, og isolerte meg og guttane i stova ei stund slik at røyken fekk lagt seg. Var skjelven og redd etter på, ei ubehageleg oppleving, og ein god lærepenge. Har erfart at brannvarslarar er gull verdt!!! Pga. ein meget tett nase, er det som heiter lukte og smakssans heilt vekke, noko som gjorde at eg ikkje klarte kjenna lukta heller, så sjølv om det er nokre fordelar ved å ikkje lukte alt rundt seg, f.eks. dritt bleier, så har eg og lært at nasen kan brukast til fornuftige ting.

Eg trur me hadde englevakt i dag, slik såg gryta og pumpa ut etter på, va ca 1,5 cm med smelta "boblitte" plastikk i bunnen av gryta!

Jeg har en engel som følger meg,
jeg har en engel som følger meg hver dag,
om jeg sitter eller står,
om jeg løper eller går,
jeg har en engel som følger meg.

Jeg er trygg både dag og natt,
jeg er trygg både dag og natt,
en engel går ved min side,
og jeg er trygg både dag og natt!


God natt!!
Eg har skjekka, og "ogen" er av!

mandag 1. februar 2010

Er dei ikkje like?

ANDREAS 3,5 MND.


THOMAS 2,5 MND.

Ute snør det, og me set inne å ser på. Pappsen i huset skal jobbe overtid, å gutane i huset er forkjøla og ikkje i verdas beste humør. Men me koser oss og har late dagar. Andreas synes det er kjekt å sjå bilete på dataen, peiker på tanter, onkler, besteforeldre og foreldre. Såg på bilete av han då han var liten, og mora syns at gutane hennar er veldig ulike?!

onsdag 27. januar 2010

Skryte bilete

Eg innrømmer det lett, eg er uhyre stolt av gutane mine...
... kjenner eg er ei skikkelig skryte mamma...
... ingen over og ingen på siden...
... beste gutane i verda...

... heilt objektivt sjølvsagt...
... koser meg så saman med dei...
...å koser meg når eg ser på bilete av dei...
... og håper at andre gjer det same...

søndag 17. januar 2010

Godt nyttår...

...tida går fort, og me er godt ut i januar allerede... Sist søndag hadde me dåp for Thomas på nærbø. Noko som var veldig godt og fint, godt å få legga Thomas i Jesus sine hende... og kjekt å vera saman familien! Litt bilde av fam. Stokke på dåpsdagen...






søndag 29. november 2009

Go gutane våre...


Stolt og god STORE bror...





Her nyt me livet og gutane våre, fantastisk å vera foreldre til to livlege og fornøgde gutar... Thomas veks, og er ein roleg gut...

tirsdag 24. november 2009

Ein våken liten Thomas...

Lille broren vår har fått navn, Thomas etter tippoldefaren sin. Thomas er meir og meir våken, han har vore sår og hoven i augene sine, men no ligg han meir og meir med opne auge og kikker på omverda si...

lørdag 21. november 2009

Gutane våre...

Lille bror, 4150 gr. 53 cm... stor og fin gut!

Stolt og god storebror...

Og me er utruleg stolte og heldige foreldre...