tirsdag 13. april 2010

Ein fin dag!

I dag har eg hatt ei fantastisk dag, i går hadde eg matte eksamen, 
UTRULIGT deiligt å væra ferdige med den, så i dag har eg bara slappa av å brukt etterlengta tid saman med guttane mine, i staden for med matte bøker!
Andreas, Thomas og eg, starta dagen ute saman med gode naboar i sola...
 
Ei lita solstråle i pappa si bukse!
 
Andreas liker å leika med "tut-tuane" sine.Det er så fantastisk å væra ute, kjenna den friske gode vår lufta, sjå små grøne spirer, kjenna korleis sola varmer, få raude kinn, og nokre nye "fregne"!
 
Pappsen kom heim med flotte roser til mora i huset, å eit fint kort med lovnad om shopping,
i anledning mora sin 24 års dag! 
Så tok me med oss mat ut, å kosa oss ute i lag.
Thomas syns det e litt kjedelig å ligga i vogna å ikkje sjå noko, så han måtte me støtta opp så han og fekk væra med i lage! Ute traff me på Andras sin gode kamerat Sivert Andersen, dei leia kvarandre frå leikeplassen og heim, koseleg!
 

Dei fotogene Herr og Fru Stokke!
 
Det er vår og det skal nytast!

onsdag 17. mars 2010

Thomas...


Eg er Thomas, nå blir eg snart 4 mnd, å på desse mnd har eg lært mange ting,
å blitt ein litt stor gutt, eg syns derfor at eg måtte fortella litt om alt eg kan :)

-Eg kan smila å le (noge eg egentlig gjer heiletia), å få alle rundt meg til å smila...
- Eg kan rulla meg fra rygg til mage, ligga på magen å halda hode, å snurra litt rundt forbi...
- Eg kan fortella menge løgne ting...

- Eg kan leka med "tædene" og føtene mine, eg kan og hoppa å stå i fanget...

- Eg kan snart leika med storebroren min på golvet, må bara bli litt sterkare først, nå får eg bara ligga å sjå på han, å det og e kjekt!

Då veit dåkke litt meir om meg!

Klem frå Thomas

søndag 28. februar 2010

fredag 5. februar 2010

Heilt ny Avent pumpe gis bort, kun brukt to ganger!!!



For ei lita stund si kjøpte eg meg ei slik pumpe, var godt fornøyd. I dag skulle eg koke ho for å sterilisere ho, medan eg rydda på kjøkkenet. Eg rydda litt, men sidan begge gutane mine sov, og ingen i huset her er friske om dagen, noko som gjer at det blir lite søvn, fann eg ut at eg ville ta meg ein kvil. Eg gjekk og la meg, å vakna ein time etter på av ein pipe lyd, var litt forvirra og trudde det va "baby callen", men fann ut at den var det ikkje. Så forstod eg at det var brannvarslaren, kom meg fort og forvirra ut av senga og inn på kjøkkenet. Der røyka det, og laga "smell-lydar" fra gryta, som hadde stått og koka i ein god time i alle fall. Eg fekk dradd gryta vekk, og satt vinduet på vidt gap, og isolerte meg og guttane i stova ei stund slik at røyken fekk lagt seg. Var skjelven og redd etter på, ei ubehageleg oppleving, og ein god lærepenge. Har erfart at brannvarslarar er gull verdt!!! Pga. ein meget tett nase, er det som heiter lukte og smakssans heilt vekke, noko som gjorde at eg ikkje klarte kjenna lukta heller, så sjølv om det er nokre fordelar ved å ikkje lukte alt rundt seg, f.eks. dritt bleier, så har eg og lært at nasen kan brukast til fornuftige ting.

Eg trur me hadde englevakt i dag, slik såg gryta og pumpa ut etter på, va ca 1,5 cm med smelta "boblitte" plastikk i bunnen av gryta!

Jeg har en engel som følger meg,
jeg har en engel som følger meg hver dag,
om jeg sitter eller står,
om jeg løper eller går,
jeg har en engel som følger meg.

Jeg er trygg både dag og natt,
jeg er trygg både dag og natt,
en engel går ved min side,
og jeg er trygg både dag og natt!


God natt!!
Eg har skjekka, og "ogen" er av!

mandag 1. februar 2010

Er dei ikkje like?

ANDREAS 3,5 MND.


THOMAS 2,5 MND.

Ute snør det, og me set inne å ser på. Pappsen i huset skal jobbe overtid, å gutane i huset er forkjøla og ikkje i verdas beste humør. Men me koser oss og har late dagar. Andreas synes det er kjekt å sjå bilete på dataen, peiker på tanter, onkler, besteforeldre og foreldre. Såg på bilete av han då han var liten, og mora syns at gutane hennar er veldig ulike?!

onsdag 27. januar 2010

Skryte bilete

Eg innrømmer det lett, eg er uhyre stolt av gutane mine...
... kjenner eg er ei skikkelig skryte mamma...
... ingen over og ingen på siden...
... beste gutane i verda...

... heilt objektivt sjølvsagt...
... koser meg så saman med dei...
...å koser meg når eg ser på bilete av dei...
... og håper at andre gjer det same...

søndag 17. januar 2010

Godt nyttår...

...tida går fort, og me er godt ut i januar allerede... Sist søndag hadde me dåp for Thomas på nærbø. Noko som var veldig godt og fint, godt å få legga Thomas i Jesus sine hende... og kjekt å vera saman familien! Litt bilde av fam. Stokke på dåpsdagen...