onsdag 28. januar 2009

Eit lite tips...

Du treng:
- Lerret
- pc med word, eller anna skrive program
-maling
-bakepapir
-blyant
-penslar
-litt sparkel (om du ønsker det)
-ein printar
- ein tekst
- og ein smule tålmod
... og vips så har du:





Veldig enkelt, og eg synes det er ganske fint og... Godt å bli minna kvar dag på at

"eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er ferdstankar, og ikkje tankar til ulukke, eg vil gje dykk framtid og von."

Ellers så reiser Andreas seg opp no, noko som gjer det enda meir travelt å passa på han, i går hadde han kome seg ut på badet, og sto å haldt seg i do ringen... sto og glisa stolt når eg kom springane... I dag har han vore med meg å rydda i leiligheta, noko som var svært nødvendig, i morgon kjem farmor og farfar på besøk (foreldrene til Torgeir) det gler me oss masse til! Gler oss til å "visa fram" go gutten vår!

Ynsker dykk ein god kveld, og ei fin helg!

mandag 26. januar 2009

Ein dag med sying er over...

I dag har eg brukt ein del tid bak symaskinen, og fire puter til sofaen er ferdige...

Bildene blei eigentleg ganske fine, men resultatet er så som så, litt skeive saumer, og blomen som skal væra midt på puta er langt i frå det, men men... Dei såg nå ikkje så heilt galne ut på bilete, og Torgeir syntes dei var gode og mjuke. Han er vell kanskje ikkje akkuratt overbegeistra for rosa og roser... Stoffet, knappar og band er kjøpt på Stoff og stil ein kjempe kjekk butikk som ligg i Åsane, trur eg kunne gått der i fleire timar og berre sett på alle dei fine stoffa, eg kan verkeleg anbefala alle ein tur der, i jallefall om du treng stoff til noko. Rosa har eg funne på nettet, og printa ut på "strykemerkepapir". Har lage fleire ting den siste tida, og har sett mykje på norske interiørbloggar, har tenkt og legge ut litt av det på bloggen min fram over, og vonar at det kan vera til glede og inspirasjon for dei som les...

Ha ein fin kveld og ei god natt....

søndag 25. januar 2009

Litt av kvart...

Då var det på tide med eit innlegg igjen, i dag har me hatt ein fin dag. Var i møte i Betlehem kl. 11, der Andreas i 1,5 time, prøva å få kontakt med dei som såt bak han, han rista på hovudet, smila og laga ulike lydar. Han skulle eigentleg sova, men kven kan vell sova når ein kan få oppmerksomheit frå ein haug men folk? Så då me kom heim, fekk Andreas ein lang og etterlengta lur, mykje kjedeligare heime enn på møte. Me har og fått testa ut bæremeisa me fekk til jul av mor og far (mormor og morfar), noko Andreas syntes var kjempe kjekt!

Go guttane mine på tur, hadde ikkje så godt kamera med meg, så bilda blei ikkje så goe, men goe gutta så då gjer ikkje det noko...

I morgon er det Mandag og jobbing for dei som gjer det...;)

Eg for min del, skal sy litt, fekk symaskin av Torgeir til jul, så kanskje det snart blir eit innlegg av resultata, om de er interesserte (ane ikkje koss eg skrive det ordet, å eg skal bli lærar) i det?

Ynsker dykk ei fin veke,å legg gjerne igen ein kommentar, kjekt å sjå om nokon les det eg skriv...:)

onsdag 14. januar 2009

"Puss, puss, så får du en suss.."

Andreas har fire tenner, to oppe, og to nede, dei liker han å bita med, han bit mora når han drikk melk, og ler etter på, han bit pappsen på nasen når dei koser, han bit alt han får tak i, bord, stoler, leiker, lister, og ellers alt som er i nærleiken... og i dag var det på tide å byrja å pusse desse små kvite tennene... Noko som ikkje falt heilt i smak hjå Andreas, børsten stakk og var ekkel, og den lille biten med tannkrem var sterk og smaka ikkje noko godt. Det blei ein liten slosskamp mellom mor og sønn...






...men å halde tannkosten sjølv, å snu den opp ned, det var kjekt sjølv om tennene ikkje blei noko reinare...

...ei lita søt tå, som stikk ut av nattasen..:)

Klar for ei lange goe natt, med reine og fine tenner...

Go natt klem fra Andreas...(fekk ikkje til å snu bilete)

torsdag 8. januar 2009

Litt meir Andreas



Skreiv tidlegare i dag at Andreas ikkje sat sjølv, og det gjorde han heller ikkje då!
Me hadde koseleg besøk av Erna og Sivert i dag. Sivert både sat og reiste seg opp mens Andreas berre kraup på golvet, mora prøvde og settja han opp, men Andreas velta berre. Men plutseleg i kveld, Andreas kraup og leika på golvet, foreldra sat og beundra han, og så fann han ut at "eg vil sitja slik som Sivert kan", og der støtta han seg opp, og sat leeeeeeeenge utan og velta, sat som ein liten prins og var sååå stolt, og det kan du tru at foreldra og var... :)

Andreas 8 mnd.




Dette er go gutten min Andreas, i dag er han 8 mnd. Tida går så utruleg fort, for ei lita stund si var han ein liten baby som låg og sov i armane mine. No er han blitt ei stor baby, eller ein liten gutt, fantastisk å sjå korleis han utvikler seg... Men travelt, han er over alt, skal utforske alt og det må skje noko heile tida! Men for ein god gutt, den beste i verda spør du meg, det er merkeleg kor lite objektive ein er som foreldre, for det finns vell ikkje skjønnare, blidare, snillare baby en Andreas? ;)

Det store no er å prøve og sette/reise seg opp, han klarer det ikkje heilt enda, men med tunga beint i munnen, og litt meir knall og fall så går det nok snart. Øving gjer meister!




mandag 5. januar 2009

Kvifor blogg?

Eg har etter mykje tenking, og grubling oppretta ein blogg. Eg har i lengre tid klikka meg frå blogg til blogg og lest om vener og kjente, og ukjente, og blitt inspirert på interiørblogger... Har derfor funne ut at eg og ville oppretta ein blogg, ein blogg som inneheld berre små glimt...små glimt frå det som opptek meg! Og eg vonar at du vil klikka innom min blogg av og til... Legg gjerne igjen ei lita helsing...