tirsdag 17. februar 2009

Det snør, det snør...

I går hadde eg eigentleg tenkt å skriva eit innlegg om at snøen forsvandt og at eg difor ikkje fekk tatt bilete av Andreas i snøen. Andreas har fortsatt ikkje blitt fotografert i snøen, han har vore forkjølt og tett, så me har halt oss inne, men i dag forsvinn ikkje snøen lenger, nei tvert om, kvite krystallar lavar ned frå himmelen. Så no vonar me at det blir liggjande så lenge at kan ta oss ein tur ut og kosa oss i dei eventyrlige omgivelsane. Har fotografert litt av utsikta frå vinterhagen vår i dag...


Når en må vera inne med ein sjuk gutt, får ein tid til andre ting, så eg har brukt litt tid bak symaskinen, i går sydde eg meg ei veske, som kan brukast på begge sider, slik blei resultatet:




Har og sydd eit sengeteppe til Andreas, Torgeir forsto ikkje heilt vitsen med det, sidan eg ikkje er flink til å reie opp vår seng, kvifor skal då Andreas si seng ha sengeteppe om eg ikkje kjem til å bruke det? Men ein kan alltid forandre seg...



Ein forkjølt gut, med eksem i kjekane og panna. Han fekk seg DUPLO på lørdag, noko han syntes var kjekt å leika med.



Ha ein fin dag!

onsdag 11. februar 2009

Blomar...


Eg likar blomar, dei lyser opp kvardagen, no har eg mykje blomar i heimen, Torgeir og Andreas gav dei til meg på min fyrste morsdag:







På kjøkkenet er det litt vår, kjøpte meg perleblomar og krokus på Ikea for ei stund si:







Men ute er det vinter, å det er deilig med snø og fint ver. Andreas har fått kjent på sin fyrste snø, noko han syntes var merkeleg. Har ikkje fått tatt bilete av Andreas i snøen, men det kjem.

Ellers så var Andreas og eg heime på Nærbø i sist veke, der klarte med å smitte samtlege med spysjuka, så veka gjekk stortsett i å liggje på sofaen og drikke Cola, den veka blir nok aldri gløymd :) Andreas er berre ein utruleg go og blid og aktiv gutt, så eg må legge ut litt skryte bilete til slutt...







onsdag 28. januar 2009

Eit lite tips...

Du treng:
- Lerret
- pc med word, eller anna skrive program
-maling
-bakepapir
-blyant
-penslar
-litt sparkel (om du ønsker det)
-ein printar
- ein tekst
- og ein smule tålmod
... og vips så har du:





Veldig enkelt, og eg synes det er ganske fint og... Godt å bli minna kvar dag på at

"eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er ferdstankar, og ikkje tankar til ulukke, eg vil gje dykk framtid og von."

Ellers så reiser Andreas seg opp no, noko som gjer det enda meir travelt å passa på han, i går hadde han kome seg ut på badet, og sto å haldt seg i do ringen... sto og glisa stolt når eg kom springane... I dag har han vore med meg å rydda i leiligheta, noko som var svært nødvendig, i morgon kjem farmor og farfar på besøk (foreldrene til Torgeir) det gler me oss masse til! Gler oss til å "visa fram" go gutten vår!

Ynsker dykk ein god kveld, og ei fin helg!

mandag 26. januar 2009

Ein dag med sying er over...

I dag har eg brukt ein del tid bak symaskinen, og fire puter til sofaen er ferdige...

Bildene blei eigentleg ganske fine, men resultatet er så som så, litt skeive saumer, og blomen som skal væra midt på puta er langt i frå det, men men... Dei såg nå ikkje så heilt galne ut på bilete, og Torgeir syntes dei var gode og mjuke. Han er vell kanskje ikkje akkuratt overbegeistra for rosa og roser... Stoffet, knappar og band er kjøpt på Stoff og stil ein kjempe kjekk butikk som ligg i Åsane, trur eg kunne gått der i fleire timar og berre sett på alle dei fine stoffa, eg kan verkeleg anbefala alle ein tur der, i jallefall om du treng stoff til noko. Rosa har eg funne på nettet, og printa ut på "strykemerkepapir". Har lage fleire ting den siste tida, og har sett mykje på norske interiørbloggar, har tenkt og legge ut litt av det på bloggen min fram over, og vonar at det kan vera til glede og inspirasjon for dei som les...

Ha ein fin kveld og ei god natt....

søndag 25. januar 2009

Litt av kvart...

Då var det på tide med eit innlegg igjen, i dag har me hatt ein fin dag. Var i møte i Betlehem kl. 11, der Andreas i 1,5 time, prøva å få kontakt med dei som såt bak han, han rista på hovudet, smila og laga ulike lydar. Han skulle eigentleg sova, men kven kan vell sova når ein kan få oppmerksomheit frå ein haug men folk? Så då me kom heim, fekk Andreas ein lang og etterlengta lur, mykje kjedeligare heime enn på møte. Me har og fått testa ut bæremeisa me fekk til jul av mor og far (mormor og morfar), noko Andreas syntes var kjempe kjekt!

Go guttane mine på tur, hadde ikkje så godt kamera med meg, så bilda blei ikkje så goe, men goe gutta så då gjer ikkje det noko...

I morgon er det Mandag og jobbing for dei som gjer det...;)

Eg for min del, skal sy litt, fekk symaskin av Torgeir til jul, så kanskje det snart blir eit innlegg av resultata, om de er interesserte (ane ikkje koss eg skrive det ordet, å eg skal bli lærar) i det?

Ynsker dykk ei fin veke,å legg gjerne igen ein kommentar, kjekt å sjå om nokon les det eg skriv...:)

onsdag 14. januar 2009

"Puss, puss, så får du en suss.."

Andreas har fire tenner, to oppe, og to nede, dei liker han å bita med, han bit mora når han drikk melk, og ler etter på, han bit pappsen på nasen når dei koser, han bit alt han får tak i, bord, stoler, leiker, lister, og ellers alt som er i nærleiken... og i dag var det på tide å byrja å pusse desse små kvite tennene... Noko som ikkje falt heilt i smak hjå Andreas, børsten stakk og var ekkel, og den lille biten med tannkrem var sterk og smaka ikkje noko godt. Det blei ein liten slosskamp mellom mor og sønn...






...men å halde tannkosten sjølv, å snu den opp ned, det var kjekt sjølv om tennene ikkje blei noko reinare...

...ei lita søt tå, som stikk ut av nattasen..:)

Klar for ei lange goe natt, med reine og fine tenner...

Go natt klem fra Andreas...(fekk ikkje til å snu bilete)

torsdag 8. januar 2009

Litt meir Andreas



Skreiv tidlegare i dag at Andreas ikkje sat sjølv, og det gjorde han heller ikkje då!
Me hadde koseleg besøk av Erna og Sivert i dag. Sivert både sat og reiste seg opp mens Andreas berre kraup på golvet, mora prøvde og settja han opp, men Andreas velta berre. Men plutseleg i kveld, Andreas kraup og leika på golvet, foreldra sat og beundra han, og så fann han ut at "eg vil sitja slik som Sivert kan", og der støtta han seg opp, og sat leeeeeeeenge utan og velta, sat som ein liten prins og var sååå stolt, og det kan du tru at foreldra og var... :)