torsdag 27. august 2009

Små sommerglimt fra familien Stokke...

Då var sommaren over for denne gong, og det er vell på tide at bloggen vaknar opp frå sommar dvalen. Hausten er allerede godt i gang, og lyden av regn som slår mot ruta har blitt ein vanleg bakgrunns musikk. Då er det deilig å sjå tilbake på ein fin somar, sjølv om sola ikkje fekk bruna oss så mykje og bada ikkje var så mange. Har me kosa oss saman med kjente og kjære...

Båt tur med familien Aas på Vestnes...
Me hadde og ein liten snartur til Sverige, før me tok turen til Lyngdal og var der ei veke...
I Lyngdal hadde me og ein liten båttur, saman med familien Andersen...
Andreas bada i ei bøtte i forteltet, litt trangt kanskje men alltid godt med eit bad...

Ferien i Lyngdal blei avslutta med PITA saman med familien Eggebø...

Ellers Mora i huset har blitt x ´antall kg tyngre i ferien og lurer på kor stor mage det går an å få, ho er overbevist om at ho vil slå alle rekorder. Torgeir held seg stabil, mens sonen i huset veks og trivs han og, om ikkje med like stor fart som mora...

Me har ein spennande haust framfor oss, og gler oss, og er spennte for det som skal møta oss...

Ha ein fin dag!

onsdag 24. juni 2009

Sommer og sol...

Då var det verkeleg på tide med ei lita oppdatering fra oss, mora i huset og Andreas har vore på Nærbø hjå mormor og morfar,mostrar og onkel ei veke, der kosa me oss masse.

No er me tilbake i Bergen, i dag har me vore ute i fin veret, Andreas syns sola er veldig skarp, men med ei god Caps og mora sine solbriller så blir det mykje betre. Andreas går, han er kjempe stolt over seg sjølve (og det er me og), så med armane fram og eit stort glis rundt munnen stabbar han fram over. Når me er ute er han veldig opptatt av blomar og fuglar, han ser kvar ein fugl ofte før mora gjer det, og då må me vera heilt rolege å stå og sjå lenge på fuglen... Smørblomar er og ein sikker vinner, ser Andreas ein langs vegen, må me stoppa og plukka han, lukta litt, for så å plukka av han kronblada...



I dag har fam. Stokke vore oppe ved vatnet bak oss, Andreas stor kose seg i bæremeisa, og nynnar, og seier bø til foreldra i ny og ne. Pappen bada, mens mora og Andras berre dyppa "tædene", me (Andreas og eg) syns temperaturen var god, mens pappen syns det var litt kaldt.


Syns de at mora i familien ser litt små feit ut, så stemmer det, for i magen hennar veks det ein liten baby, som melder sin ankomst ca midt i November (Dvs. i slutten av November). Me gler oss kjempe mykje, fantstisk med eit nytt lite liv som spirer og sparkar!!!
No er me klar for sommarferi, kanskje kjem det eit lite innleg før den tid, kanskje ikkje...
Uansett må då ha ein fin feri, kanskje me snakkast!!!



fredag 8. mai 2009

Go gutten vår 1 år!!!


Om ein time (20.00) er det eit år sidan Andreas såg verdas lys, og me blei velsigna med verdens beste gutt! Året har gått fort, ja mykje fortare en kva eg kunne drøyme om. Men der har vore eit innhaldsrikt år, fantastisk å sjå korleis Andreas har vokse og utvikla seg, det er verkeleg ei stor gave å vera foreldre!!!

Dagen blei feria sist helg, då hadde me besøk av mormor og morfar, moster kristine, moster Ane og Onkel Gabriel, det var kjekt. Litt bilete av selskap og jubilanten tilslutt:

søndag 26. april 2009

VÅR...














Ja no er våren her, og det er bara så herlig. Andreas likar å vera ute, leika i graset å smaka på det han finn på bakken. Noko smakar ok, mens andre ting, som f.eks. stein kjem fort ut igjen fordi det er så vanskeleg i tygga. Andre ting blir reve ut av munnen av mora sine fingrar til Andreas sin store fortvilelse.

Dissa er og ofte i bruk, og jo større farten er jo større er smilet. Trur han kunne ha såte i der i mangen timar om han hadde fått lov, berre såte å sett på ting rundt seg, og filosofert litt over livet.





Ein dag pappen skulle skifte dekk på bilen fekk Andreas vera med å sitte og sjå på i vogna, noko mora trudde han skulle syntes at var kjempe kjekt, skifte dekk er jo ein gutte ting, og Andreas er lik mora, han likar og sjå at pappen arbeider... men ikkje denne gongen, det blei for skriking, og mora måtte hente han, og me måtte ned på leikeplassen å finne dissa...:)




I dag har me vore på tur med desse to kjekke menneska, moster Kristine og ("onkel"?) Trond Erik, veldig kjekt me grilla og kosa oss ute i fin veret!
Familien Stokke er grillmeistarar...:)
Andreas har vore litt skeptisk til Trond Erik, men i dag har det løsa, han va ikkje så skummel allikevell. Så mot slutten av dagen kunne han sitte på sida av Trond Erik aleine, litt prega av stundas alvor, men utan snott og tårer...:)
Ha ei fin veke, og nyt våren!

fredag 10. april 2009

Ut på tur aldri sur...

Den lille familien Stokke kose seg på påskeferi, har fått oss to små skiturer til nå...
En fotogen familie...
Andreas kose seg i pulken...
Andreas og farmor på kjelke, tante Marie hjelpe Johannes på ski...

Johannes og tante i farta...

Fortsatt GOD PÅSKE!

tirsdag 31. mars 2009

Ny bukse...


I dag har eg sydd ny bukse til Andreas, eit spennande prosjekt. Resultatet blei ikkje heilt perfekt, og bør ikkje bli studert av ei proff, men buksa gjekk fint an å bruka, så då kan eg vell sei meg fornøgd.
Andreas blei ikledd buksa i dag, og måtte vera fotomodell for mora, noko som blei lite vellykka.
For alt anna er MYKJE meir spennande enn å sjå på mora som prøver frebrilsk og få oppmerksomheita, for å få fram eit lite smil. Så dei fleste bildene blei uklare, og guten fekk ikkje akkuratt vist seg frå si beste side, men her er resultatet:



No gler me oss til påskeferie på sunnmøre, og håper på nokre dagar på ski, og mange koselige stunder saman med søskenbarn, tantar og onklar, og sjølvsagt farmor og farfar!
Ynskjer alle ei GOD PÅSKE!





tirsdag 3. mars 2009

Glimt frå helga...

I helga har me hatt besøk av Torgeir si syster, Camilla, og gutane hennas Johannes og Kristoffer. Dei bur på Vestnes, så det går lang tid mellom kvar gong me ser dei. Andreas synes og det var kjekt med besøk av søskenbarn, og han syns det var veldi stor stas med store Johannes (3 år), og kraup etter han, og følgte han med blikket.

Sjølv om det var veldi kjekt med besøk, hadde me ei ubehagelig oppleving på Lørdag,
Eg hadde våre ute ein tur med Johannes og Andreas på leikeplassen, då me kom inn igjen var Andreas litt merkeleg, og plutseleg hovna han volsomt opp i ansiktet, dobbelhaka hans blei mykje størret, og øyra hans blei tre gonger så tjukt, auga blei små, og han klødde fælt, dette skjedde volsomt fort, så eg måtte ringa 113, var redd for at det ikkje berre var utsida som hovna opp, men at han hovna opp på innsida og. Men det gjorde han ikkje, Ambulansen kom, og med hadde ein tur i den til barneklinikken for å observera han litt. Det viste seg at det sansynleg vis var jordbæsyltet han hadde fått på grauten om morgonen, han ikkje hadde tålt. Så no er me forsiktige med alt me stappar i han. Er så utruleg glade for at det gjekk så bra... Her er nokre bilde av ein nybada go gutt, frå Søndag:
Ha ein fin dag!