mandag 24. mai 2010

Litt om meg...

 
Då va det på tide de fekk ei lita oppdatering frå meg, eg har no blitt eit halvt år, og kan mangen ting etterkvart. No er eg kjempe flink til å leike på golvet saman med Storebroren min, me smiler og ler i lag. Av og til blir Andreas litt sint på meg, eg øydelegg nemleg husa hans litt, eg veit ikkje heilt korleis eg skal leika enda, men det kjem vell med alderen.
Eg er flink til å leike aleine på golvet og. Ein dag eg var aleine i stova litt fann eg ut at eg ville prøve å sette meg opp, og når mora mi kom inn i stova, sat eg fint på golvet, å gjett om eg var stolt. Viss andre vil prøve på det same, så har eg eit lite tips: HALD TUNGA BEINT I MUNNEN! Eg må halda meg litt med hendene enda når eg sit, men snart skal eg klare det uten!
Ellers så har eg begynnt å eta grøt, noko eg likar godt, men det er litt vanskeleg å få til å svelge det, for eg veit ikkje heilt korleis ein gjer sånnt, men eg øver og øver. Mor seie at det nytte ikkje å le og sprute med grøten, blir ikkje mett av det, men eg gjer det for det om, for det e jo så LØYE! Eg har akkuratt vore på 6 mnd. kontroll, å der sa dei at eg var ein fin og sprek gut, å det er eg eigentelg ganske enig med dei i, med mine 7,1 kg, å 67 cm er eg ikkje den største karen i verda, men eg har det fint, å det håper eg at de og har det!
Klem fra THoMaS!

torsdag 20. mai 2010

Kule kar...

Andreas og pappa har vore å handla hjelmar og sykkelsete på XXL i dag...
Andreas var volsomt fornøgd med hjelmen sin...

mandag 10. mai 2010

Onkel Gabriel...

I dag fylle Onkel Gabriel 13 år. Han er Andreas sin helt, ein fantastisk snill og tolmodig Onkel, og ein god lillebror, me er så glae i deg Gabriel!
GRATULERA så mykje 13 års dagen!

lørdag 8. mai 2010

For to år sidan...



... Skjedde dette:
Ein ny bakt pappa kysser sin fyrstefødte son på nasen, medan mora ligg litt sliten, men utruleg lukkeleg å ser på...

Andreas blei født,og liva våre blei snudd på hode, ein fantastisk god gut fekk med, og i dag har han blitt to år...

Me har vore heime på Nærbø ei lita veke, men kom til Bergen igjen i går. På Nærbø hadde me eit lite selskap for Andreas og Onkel Gabriel som blir 13år på mandag.

I dag har me bare kosa oss saman, me i den lille familien Stokke, har hatt oss ein tur på "fjellet" med sjokoladekake og druer, litt bilder av jubilanten:

lørdag 24. april 2010

Vimpler

 
Då prøve eg meg på eit "kreativt" innlegg igjen, har klippa og sydd litt vimplar til Andreas sitt rom...
 
Vimplane er 10 cm breie, og 10 cm "høge"... 
Sjølve vimplane er i papir, så har eg sydd dei på silkebånd...
 
Syns det blei fint, på eit ellers ganske kjedeleg gutte/gjesterom...
Ha ei fortsatt fin helg...

tirsdag 20. april 2010

Skjerf

Då eg laga bloggen hadde eg tenkt å visa fram litt meir av det eg lagar og av heimen min, men det har det blitt heller lite av, og mykje av guttane mine. Men no har eg tenkt å visa litt ting eg har laga, å håper at det kanskje kan vera til inspirasjon for andre.

I helga laga eg litt skjerf til guttane mine, syns det er praktisk å ha eit lite skjerf i halsen på dei når me er ute, eller inne for å hindre at dei blir blaute når dei "sogle" litt...

 
Skjerfa er laga av to trekantar som va 25 cm på det breiaste, sydde dei i saman, vrengte dei , og sydde rundt, festa ein knapp i eit hjørne, og strikk i det andre...