mandag 13. desember 2010

Jul og sånnt...


Her i heimen går nå dagene, det skjer ikkje så mykje nytt, men me har mykje å henga fingrane i. Andreasen vår har fått cøliaki, så nå jobber me å finna julekaker og div. andre oppskrivter utan gluten, egg, melk, og soya, ein liten utfordring, men det går greit og guten har det fint, det er det viktigaste! Her pynter han pepperkaker saman med pappa, Thomas må berre væra tilskuar.



Dagane går i å aktivisere å underholde to travle guttar som liker å sloss med kvarandre, og pappa. I tillegg så PRØVER eg å lese litt til eksamen, å skrive div. oppg.



Det er deiligt med adventstid, me gler oss til jul, og feri alle saman. Andreas og Thomas får ein liten pakke kvar, anna kvar dag i ventetida, når me opnar dei syng me ein liten sang i lag og koser oss litt...(fekk den ideen frå denne koselige Ingvild) Ein dag fekk Andreas maleskrin, så no prøver han seg som kunstnar...


Har og fått pynta litt til jul, syns det er kjekkar å lesa til eksamen med levande blomar rundt seg.

 

Andreas forstår ikkje så mykje av alt pakke styr og stell, men det viktigaste har han forstått litt av. Eg spurte han ein dag: "kor e d Jesus bur andreas?" 
" der borte mamma(peika på krybba), og i erta (hjerta) mitt"


Ha ei fin advendstid, og nyt denne tida! Tenk at me skal få lov å feira at Jesus kom til jorda for oss!

"Takk at du kom, takk at du kom,
ein STOR Gud som blei liten, 
takk at DU kom!"


fredag 19. november 2010

Thomas 1 år!

                     For eit år sidan blei denne guten født, han fekk namnet "Bolla" av jormødrene...
 
Bolla fekk norke dagar gamal namnet Thomas...
 
Ein sterk og blid liten Thomas...

Ein aktiv liten gut, ein god litle bror...
 
 GRATULERA med dagen THOMAS!
Me er så glade i deg!
Klemmar frå Andreas, mamma og pappa!

mandag 4. oktober 2010

Dei finaste...

... to para med små blå, grå augo får eg sjå vakna kvar morgon, 
eg får sjå at dei møter dagen med glede...
... dei møter meg med tillit, dei kjem til meg med sine sorger og gleder...


... dei møter  mine grå, og me må smila...


 Å kor glad eg er for at HAN med dei KLOKASTE augo, vil leia våre:

"Eg vil læra deg og visa deg
den vegen du skal vandra. 
eg vil gje deg råd med mitt AUGA."
Sal. 32,8.

fredag 24. september 2010

litt om meg...


Hei!
Her er eg igjen, hadde bare lyst til å fortelja at i dag har eg gått mine første steg, å gjett om eg e stolt (les: mamma)! Eg har egentlig klart det lenge, men har bare ikkje "gadda", mykje bedre å bli båren enn å gå rundt sjøl( men det må dåkke ikkje sei til mamma).

Ellers så har eg VERDENS BESTE store BROR, og han e Av og til litt for gla i meg, det ser dåkke kanskje?!?

Goe kos frå THoMaS StOKKe
10.mnd.

tirsdag 14. september 2010

Andrea(s)...

Tida går fort, og her er det travledagar med skule, overtid, og to taktive gode gutter som krev sitt.
Det blir ikkje tid til så mykje anna som ein skulle ønske. For ei stund si laga eg nokre kjolar med hekla overdel, og stoff i skjørtet. Har blitt fem kjolar tilsaman, men sidan det ikkje er så mange jenter her i huset er dei blitt gitt vekk i gavar. To har eg rukke å fotografere før eg har ga dei vekk.  Syns det har vore ein rask og enkel måte å sy koler på...
 
Når ein ikkje har små jenter i huset, må ei bruke dei gode små guttane ein har. Andrea(s) måtte prøve ein kjole, tidleg ein morgon før "tuttane" hadde blitt plasert i senga...


Mora sa til han: "ååå, så fine du e Andreas!" "Nei, mamma, tlaktor..."var svaret eg fekk, så kjolen blei fort bytta ut med traktor t-skjorta, betryggande!

Håper det kan væra til inspirasjon for nokon, og at dei som har fått kjolane er fornøyde, er litt spent på korleis dei held seg (om dei blir brukte), så kjekt å få tilbake meldingar!

Ha ein fin dag!


"Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet." Joh. 5, 24.

søndag 29. august 2010

På oppslagstavla vår...

...heng det mange kort, nokre med bilder av fine Thomaser...


... ein goe Andreas...



...og nokre med fine brudepar og ein kjekk "modell" kjærast...
... på eit av korta står dei eit vers, som eg har grunna litt på i det  siste, kortet fekk eg av farmor og farfar då eg blei 24, og på framsida står det:

Syns det er så godt og trygt å tenka på, at INGEN kan forandre på JESUS, han er den same kvar dag uansett kva som skjer oss, av betydelige og ubetydelige ting, same kva som møter oss så er HAN den same, HAN vil væra med oss gjennom alt! Og HAN vil hjelpa oss om me lar han få lede oss! Han har gitt ALT for oss!

Ein kveld på UL var det ein engelskmann som tala, han hadde blitt ein kristen etter at nokon hadde spurt han "Kva vil du gjera med JESUS?", anten du vil eller ikkje, så må me alle ta eit valg, me må velga om me vil gje livet vårt til han som gav livet sitt for oss, han som vil gje oss evig LIV, han som elskar oss så uendelig høgt:

"For så elska Gud verda at han gav Son sin,
den einborne, så kvar den som trur på han,
ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv."
Joh. 3,16
Me må alle velga, Kva vil DU GJERA med JESUS? 
Eit valg som har evigheits betydning!


onsdag 18. august 2010

Sommar glimt...

Då va me tilbake i Bergen etter 6 veker på feri, her kjem litt bilder:






 Litt meir kjem seinare...

Ha ein fin dag!