søndag 29. august 2010

På oppslagstavla vår...

...heng det mange kort, nokre med bilder av fine Thomaser...


... ein goe Andreas...



...og nokre med fine brudepar og ein kjekk "modell" kjærast...
... på eit av korta står dei eit vers, som eg har grunna litt på i det  siste, kortet fekk eg av farmor og farfar då eg blei 24, og på framsida står det:

Syns det er så godt og trygt å tenka på, at INGEN kan forandre på JESUS, han er den same kvar dag uansett kva som skjer oss, av betydelige og ubetydelige ting, same kva som møter oss så er HAN den same, HAN vil væra med oss gjennom alt! Og HAN vil hjelpa oss om me lar han få lede oss! Han har gitt ALT for oss!

Ein kveld på UL var det ein engelskmann som tala, han hadde blitt ein kristen etter at nokon hadde spurt han "Kva vil du gjera med JESUS?", anten du vil eller ikkje, så må me alle ta eit valg, me må velga om me vil gje livet vårt til han som gav livet sitt for oss, han som vil gje oss evig LIV, han som elskar oss så uendelig høgt:

"For så elska Gud verda at han gav Son sin,
den einborne, så kvar den som trur på han,
ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv."
Joh. 3,16
Me må alle velga, Kva vil DU GJERA med JESUS? 
Eit valg som har evigheits betydning!


onsdag 18. august 2010

Sommar glimt...

Då va me tilbake i Bergen etter 6 veker på feri, her kjem litt bilder:






 Litt meir kjem seinare...

Ha ein fin dag!

lørdag 3. juli 2010

Ein blome i Guds hage...

Nytt kamera har blitt kjøpt, og testa i kveld i hagen til svigers:

     Då sa Gud: «Jorda skal la grøne vokstrar gro fram, planter som set frø, og tre som ber alle slag frukt med frø i, på jorda!» Og det vart så.  Jorda bar fram grøne vokstrar, planter som set frø, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt.” 
1.  Mos 1, 11-12 
” Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta,
og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med.
Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda?
  Sjå på fuglane under himmelen! 
Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, 
men Far dykkar i himmelen før dei likevel.
Er ikkje de mykje meir enn dei? 
Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?  
Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! 
Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk:
Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.  
Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, 
kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! 
Difor må de ikkje vera urolege og seia: 
'Kva skal vi eta?'eller 'Kva skal vi drikka?' eller 'Kva skal vi kle oss med?' 
 For alt dette er heidningane opptekne av.
Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.  
Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.  
Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. 
Kvar dag har nok med si møde”
 Matt 6, 26-34

DU er ein blome i GUDS HAGE.
så FARGERIK OG FIN,
og blant mimoser og syriner,
er denne PLASSEN som er DIN!

DU skal IKKJE FLYTTAST,
Eller FJERNAST, du E`KJE kun te BRY,
du skal ikkje kvelast eller skjulast,
men STÅ i BLOMST å væra DU

 Ha ein fin FERI vidare, me NYT ferien på Sundmøre!

torsdag 1. juli 2010

For fire år sidan...

... blei denne mannen eller GUTTEN min...
 
Og eg blei hans...
 
Tida går utrulig fort, men GUTTEN min har blitt mann, og me har fordobbla oss,
me er heldige som har kvarandre og har det godt...
 
Me har mykje å takka for, å gle oss over!

No trur eg det blir sommarferie he på bloggen! 

Ha ein fin sommar, nyt sola, livet og KJÆRLEIKEN!

mandag 21. juni 2010

Sommarferi...

Då va eksamen vel overstått, og bestått med glans, UTRULIGT deiligt å få litt lønn for alt strevet!

Nå kose me oss saman og slapper av, helga har me hatt besøk av farmor og farfar, KOSELIGT!

"Gjilt" å få visa fram go guttane våre til gode besteforeldre! Litt bilde av "Stokker" i alle aldrer:

Andreas fekk væra med farmor og farfar til Osterøy, på vegen såg dei eit tog, stor stas for ANDREAS (og farfar?)

Andreas liker å klyppa plenen med plenklypparen som han fekk av "tante" Tone Karin og "onkel" Arnfinn då han blei to år, og plen klypparen høyres i heile brorettslaget til pappens store glede...

pappsen viser fram gamle kunster...
KULE kar!
1stk. fin familie... (om eg må sei det sjøl)

3 staute KARA, og ein "teit"!

Farmor og Thomas...
Og tilslutt to gode, men litt rampete gutar!

Ellers så kan vi melde at Thomas reiser seg, og har fått ei tann.

Ha ei fin veke!

fredag 11. juni 2010

Siste innspurt...

Om fire dagar har eg sommarferie,  og det skal bli den beste og mest etterlengta ferien eg nokon gong har hatt! Fram til då, er Piaget og Vygotsky mine kammeratar, og eg prøver å bli litt klokare på Yrkes etikk og Utdannings historie. Har kjøpt oss nytt kamera så her kjem nokre bilete frå dei siste dagane:

I går var me å grilla med herr og fru Gudmestad, veldig koseligt, begge gutane våre syns det var kjempe kjekt å hiva steinet i vatnet.



Ynskje alle ei god helg, og eg set pris på om de som ber kan ta med eksamenen min i ped. på Tirsdag!

mandag 24. mai 2010

Litt om meg...

 
Då va det på tide de fekk ei lita oppdatering frå meg, eg har no blitt eit halvt år, og kan mangen ting etterkvart. No er eg kjempe flink til å leike på golvet saman med Storebroren min, me smiler og ler i lag. Av og til blir Andreas litt sint på meg, eg øydelegg nemleg husa hans litt, eg veit ikkje heilt korleis eg skal leika enda, men det kjem vell med alderen.
Eg er flink til å leike aleine på golvet og. Ein dag eg var aleine i stova litt fann eg ut at eg ville prøve å sette meg opp, og når mora mi kom inn i stova, sat eg fint på golvet, å gjett om eg var stolt. Viss andre vil prøve på det same, så har eg eit lite tips: HALD TUNGA BEINT I MUNNEN! Eg må halda meg litt med hendene enda når eg sit, men snart skal eg klare det uten!
Ellers så har eg begynnt å eta grøt, noko eg likar godt, men det er litt vanskeleg å få til å svelge det, for eg veit ikkje heilt korleis ein gjer sånnt, men eg øver og øver. Mor seie at det nytte ikkje å le og sprute med grøten, blir ikkje mett av det, men eg gjer det for det om, for det e jo så LØYE! Eg har akkuratt vore på 6 mnd. kontroll, å der sa dei at eg var ein fin og sprek gut, å det er eg eigentelg ganske enig med dei i, med mine 7,1 kg, å 67 cm er eg ikkje den største karen i verda, men eg har det fint, å det håper eg at de og har det!
Klem fra THoMaS!