Hei!
Her er eg igjen, hadde bare lyst til å fortelja at i dag har eg gått mine første steg, å gjett om eg e stolt (les: mamma)! Eg har egentlig klart det lenge, men har bare ikkje "gadda", mykje bedre å bli båren enn å gå rundt sjøl( men det må dåkke ikkje sei til mamma).
Ellers så har eg VERDENS BESTE store BROR, og han e Av og til litt for gla i meg, det ser dåkke kanskje?!?
Tida går fort, og her er det travledagar med skule, overtid, og to taktive gode gutter som krev sitt.
Det blir ikkje tid til så mykje anna som ein skulle ønske. For ei stund si laga eg nokre kjolar med hekla overdel, og stoff i skjørtet. Har blitt fem kjolar tilsaman, men sidan det ikkje er så mange jenter her i huset er dei blitt gitt vekk i gavar. To har eg rukke å fotografere før eg har ga dei vekk. Syns det har vore ein rask og enkel måte å sy koler på...
Når ein ikkje har små jenter i huset, må ei bruke dei gode små guttane ein har. Andrea(s) måtte prøve ein kjole, tidleg ein morgon før "tuttane" hadde blitt plasert i senga...
Mora sa til han: "ååå, så fine du e Andreas!" "Nei, mamma, tlaktor..."var svaret eg fekk, så kjolen blei fort bytta ut med traktor t-skjorta, betryggande!
Håper det kan væra til inspirasjon for nokon, og at dei som har fått kjolane er fornøyde, er litt spent på korleis dei held seg (om dei blir brukte), så kjekt å få tilbake meldingar!
Ha ein fin dag!
"Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet." Joh. 5, 24.
...heng det mange kort, nokre med bilder av fine Thomaser...
... ein goe Andreas...
...og nokre med fine brudepar og ein kjekk "modell" kjærast...
... på eit av korta står dei eit vers, som eg har grunna litt på i det siste, kortet fekk eg av farmor og farfar då eg blei 24, og på framsida står det:
Syns det er så godt og trygt å tenka på, at INGEN kan forandre på JESUS, han er den same kvar dag uansett kva som skjer oss, av betydelige og ubetydelige ting, same kva som møter oss så er HAN den same, HAN vil væra med oss gjennom alt! Og HAN vil hjelpa oss om me lar han få lede oss! Han har gitt ALT for oss!
Ein kveld på UL var det ein engelskmann som tala, han hadde blitt ein kristen etter at nokon hadde spurt han "Kva vil du gjera med JESUS?", anten du vil eller ikkje, så må me alle ta eit valg, me må velga om me vil gje livet vårt til han som gav livet sitt for oss, han som vil gje oss evig LIV, han som elskar oss så uendelig høgt:
"For så elska Gud verda at han gav Son sin,
den einborne, så kvar den som trur på han,
ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv."
Joh. 3,16
Me må alle velga, Kva vil DU GJERA med JESUS? Eit valg som har evigheits betydning!
Nytt kamera har blitt kjøpt, og testa i kveld i hagen til svigers:
”Då sa Gud: «Jorda skal la grøne vokstrar gro fram, planter som set frø, og tre som ber alle slag frukt med frø i, på jorda!» Og det vart så.Jorda bar fram grøne vokstrar, planter som set frø, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt.”
1. Mos 1, 11-12
” Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta,
og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med.
Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda?
Sjå på fuglane under himmelen!
Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus,
men Far dykkar i himmelen før dei likevel.
Er ikkje de mykje meir enn dei?
Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?
Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks!
Dei strevar ikkje og spinn ikkje,men eg seier dykk:
Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.
Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon,
kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande!
Difor må de ikkje vera urolege og seia:
'Kva skal vi eta?'eller 'Kva skal vi drikka?' eller 'Kva skal vi kle oss med?'
For alt dette er heidningane opptekne av.
Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.
Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.
Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt.
Kvar dag har nok med si møde”
Matt 6, 26-34
DU er ein blome i GUDS HAGE.
så FARGERIK OG FIN,
og blant mimoser og syriner,
er denne PLASSEN som er DIN!
DU skal IKKJE FLYTTAST,
Eller FJERNAST, du E`KJE kun te BRY,
du skal ikkje kvelast eller skjulast,
men STÅ i BLOMST å væra DU
Ha ein fin FERI vidare, me NYT ferien på Sundmøre!